Vik Ørsta AS logo

Søk på stillingen

Stillingstittel
Business Controller
Arbeidsgiver
Vik Ørsta AS
Adresse
Strandgata 59
Sted
Ørsta
Søknadsfrist
03. juni 2024

Tilbake til jobbsøk

Stoltheit for livreddande produkt langs vegen!

Jobb som gir meining?

Som ein del av Vik Ørsta-teamet vil du vere ein aktør i arbeidet med å skape produkt som bidrar til å redde liv på vegane. Vi jobbar kontinuerleg for å vere leiande i vår bransje, og no søker vi ein dedikert og fagleg sterk Business Controller som ynskjer å vere med på denne reisa. Ditt hovudansvar vil vere innanfor analyse, rapportering og oppfølging av fabrikkane våre, og du vil tilhøyre eit sterkt fagleg team beståande av 15 dedikerte medarbeidarar på økonomi. Tenker du det kan vere spennande med ein variert kvardag som gir deg moglegheit til å kome nært på produksjon? Då er det kanskje deg vi ser etter! Vi treng ein strukturert og engasjert controller som kan vere ein aktiv bidragsytar i vidareutvikling og formalisering av rapporteringsrutinar, analysar og budsjettarbeid.


Vi tilbyr: 
  • utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i ei leiande industri- og kunnskapsbedrift 
  • ein trygg og stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid, og høve til heimekontor
  • jobb i ei bedrift der miljø og bærekraft står høgt
  • eit inspirerande arbeidsmiljø prega av samarbeid og støtte
  • konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår
  • kantineordning

Dine arbeidsoppgåver:
  • økonomirapportering i samarbeid med økonomiavdelinga
  • drive budsjett- og prognoseprosessar
  • vidareutvikling av rapportbygging i ERP-system
  • økonomisk oppfølging av forretningsdrift og produksjon
     
Den rette kandidaten har:
  • relevant utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan økonomi eller tilsvarande
  • gjerne erfaring frå PowerBI, då stillinga inkluderer ein del rapportbygging
  • evne til å vere nøyaktig og eit auge for detaljar
  • eit ynskje om å automatisere og forenkle prosessar 
  • evne til å kommunisere flytande på norsk og engelsk
     

For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med rekrutteringsrådgivar i Personalhuset: Ivar Morten Normark mobil: 975 01 433, eller økonomisjef i Vik Ørsta: Andreas Røren mobil: 907 78 112.

Om arbeidsgiver

Vik Ørsta er leiande industri- og kunnskapsbedrift med produkt innan marknadsområda Lysmast, Rekkverk, Bergsikring, Marina og Design. Bedrifta er lokalisert i Vik i Sogn og i Ørsta på Sunnmøre med ca. 270 tilsette. Les meir om Vik Ørsta på www.vikorsta.no Vik Ørsta er det største enkeltselskapet i Saferoad-konsernet. Saferoad er med på å legge premissane og utvikle framtida sine infrastrukturløysingar for å auke sikkerheita til trafikantane. Konsernet har 2500 medarbeidarar i 13 land. Les meir om Saferoad på www.saferoad.com

Kontaktperson(er)

Ivar Morten Normark

Ivar Morten Normark

Rekrutteringsrådgiver
Ivar.Morten.Normark@personalhuset.no
+4797501433
Jannike Blikås Husevåg

Jannike Blikås Husevåg

Rekrutteringsrådgiver
jbh@personalhuset.no
+4791334234