logo

Ein jobb med meining i eit fantastisk miljø

 logo


Stilling:

Kontaktperson

Søknadsfrist: 

24. april 2023

Søk her 



Stilling:

Miljøterapeut

Søknadsfrist: 

24. april 2023

Søk her 

Ein jobb med meining i eit fantastisk miljø! Barneverntenesta i Vindafjord kommune søkjer miljøarbeidar og kontaktperson.

Ein jobb er ikkje berre ein jobb. Når ein kan kombinere det å gjere ein skilnad i andre sine liv med herlege kollegaer og ein kommune som heiar, blir arbeidsdagen både meiningsfull og god.

Turid Askeland er barnevernsleiar i Vindafjord kommune, og fortel om givande arbeidsoppgåver, godt fagmiljø og ein gjeng med kollegaer med mykje latter og stor takhøgde.

– Vi er ei tverrfagleg sammensett gruppe med stort mangfald både i alder, kjønn og fagleg bakgrunn, fortel ho.

ansatte i barneverntjenesten

Turid Askeland, leder i barneverntenesta i Etne og Vindafjord sammen med kontaktperson Dag Magne Torland og kontaktperson Liv Jorunn Rygg

   

Dette er altså ingen einsarta gruppe, men ho legg ikkje skjul på at ho håpar fleire menn finn vegen til avdelinga. Dei er ei mellomstor gjeng på 14 stykkje - førebels. Askeland meiner det er heilt perfekt, for dei er store nok til å ha eigen fagutvikling og små nok til at kvar enkelt blir sett. - Sjølv om dette er noko dei fleste seier, har vi eit heilt spesielt godt arbeidsmiljø hjå oss, held Askeland fram. - Vår nyaste kollega skryt kulturen opp i skyene - han seier han sjeldan har opplevd maken!

– Det handlar mykje om at vi er rause med kvarandre, held ho fram. - Stor takhøgde og naudsynt humor er essensielt i denne jobben.

Raus kommune

I tillegg er Vindafjord ein spennande stad å både bu og jobbe, og dei ønskjer nye innbyggjarar hjarteleg velkomne. Askeland har både kollegaer busett i kommunen, men også frå heile Haugalandet. - Vindafjord kommune har gode intensjonar rundt kompetanseheving og utvikling innan barnevernet, seier ho. - Å skape ein god lag rundt barnet er verkeleg eit satsingsområde!

– Alle tilsette har rettleiing med fagleiar kvar 14. dag - nytilsette kvar veke. Hos oss er oppfølging verkeleg sett i system, med vekentlege faglege temamøter der vi drøftar faglege utfordringar og rolla kvar enkelt står i. Dessutan er vi alltid to personar i sakene, du står aldri åleine.

Lokala dei sit i er nye, og alt det tekniske er på plass og fungerer. Det vert lagt til rette for moglegheit for heimekontor, og dei styrer sin eigen arbeidsdag.

  fagsamling


Menneskeleg miljøterapeut

Miljøterapeutar er ein ny satsing i Vindafjord kommune. – Vi har tidlegare leigt inn desse tenestene, men no etablerer vi vår eiga teneste, seier Askeland. – Det er meir berekraftig både økonomisk og fagleg, og vi ser verdien i å knyte dei tettare til teamet. Då kan vi gi rett hjelp til rett tid til fleire.

For stillinga som miljøterapeut er det viktig å ha eit positivt menneskesyn. Erfaring frå arbeid med sårbare barn og deira familiar er ønskjeleg, og du må ha ein ibuande tryggleik. Bakgrunn som sosionom eller barnevernspedagog er tilrådd. 

– Du må vere raus med deg sjølv og med andre, seier Askeland. – Du er ditt viktigaste verktøy! I tillegg er tru på endring og ro nødvendige eigenskapar, for det å skape endring i menneske tek tid.

– Du jobbar mykje ute i feltet. Du har direkte kontakt med menneske og kan virkelig sjå resultat av innsatsen du gjer. Det er utruleg givande.

Givande skrivebordsarbeid

Stillinga som kontaktperson er ein noko meir regulert og standardisert jobb. Her handlar det meir om kontor og saksbehandling, og du jobbar mykje med lovverket. Same bakgrunn er ønskeleg her, og òg interessa for menneske og relasjonar.

-Sjølv om begge stillingane krev same type bakgrunn, er dei veldig ulike. 

– Vi oppmodar òg nyutdanna til å søke, seier Askeland. – Vindafjord kommune både oppmodar til og legg til rette for kompetanseheving, så utviklingsmoglegheitene er gode.

Turid Askeland avsluttar med å igjen løfte fram både kommunen, det givande arbeidet med menneske og det fantastiske miljøet dei har på avdelinga. Ho gler seg til å ønske nye kollegaer velkommen.

  


FOR MER INFORMASJON KONTAKT


Bente Velde
Bente Velde
Rådgiver