
- Stillingstittel
- Rektor/verksemdleiar
- Arbeidsgiver
- Bykle Kommune
- Sted
- Skulevegen 41
Hovden i Setesdal - Søknadsfrist
- 13. april 2026





Vil du leie ein framtidsretta skule i spektakulære omgjevnader – med stort handlingsrom, tett samarbeid og høg trivsel?
Me søkjer ein engasjert og tydeleg leiar som vil vere med å vidareutvikle ein god skule – til det beste for elevar, tilsette og lokalsamfunnet.
Om stillinga
Fjellgardane skule ligg på Hovden i vakre Setesdal og er ein 1–7 skule med om lag 40 elevar og 15 tilsette.
Som rektor får du ei sentral rolle i utviklinga av skulen og læringsmiljøet. Du blir ein del av eit tett samarbeid med barnehageleiar, kultur- og fritidsleiar og kommunalsjef.
Kvifor velje Fjellgardane skule?
Hos oss får du:
- Ei meiningsfull leiarrolle med stort påverknadsrom
- Eit inkluderande og kompetent fagmiljø med engasjerte kollegaer
- Ein moderne skule med gode pedagogiske verktøy og fasilitetar
- Fast uteskule-dag kvar veke – med læring tett på naturen
- Støtte frå ei samhandlande og kompetent leiargruppe
- Deltaking i kommunen sitt leiarutviklingsprogram
- Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar
- Moglegheit for bustad, bistand til å skaffe bustad og flyttegodtgjersle etter eige reglement
- Studielånsordning: Etter eitt år som folkeregistrert i Bykle får du avskriving på 25 000 kr per år (frå 2026)
- Tilgang til bedriftsleilegheit i Kristiansand
Arbeidsoppgåver
- Leie og vidareutvikle skulen som ein profesjonell læringsorganisasjon
- Drive systematisk utviklings- og forbetringsarbeid
- Forvalte ressursar slik at ein sikrar trivsel og kvalitet
- Ha overordna ansvar for økonomi og personal
- Legge til rette for medverknad gjennom inkluderande prosessar
- Samarbeide med interne og eksterne aktørar
- Skape eit trygt og motiverande lærings- og arbeidsmiljø
- Følgje opp vedtekne satsingsområde og avtalar
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
- Relevant pedagogisk utdanning / lærarutdanning
- Pedagogisk kompetanse og undervisningserfaring
- God innsikt i fagleg og pedagogisk arbeid
- Leiarerfaring og/eller leiarutdanning er ein fordel
- Gode relasjonelle ferdigheiter
- Evne til å skape ein god samhandlingskultur
- God norskkunnskap, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- Er ein synleg og tydeleg leiar som viser retning
- Evnar å engasjere og motivere medarbeidarar
- Har god fagkompetanse og legitimitet
- Byggjer gode relasjonar til elevar, tilsette og føresette
- Er inkluderande og opptatt av fellesskap
- Er positiv, fleksibel og løysingsorientert
- Har god gjennomføringsevne
Ved tilsetting vil det bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Praktisk informasjon
- Det vert kravd politiattest ved tilsetting
- Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastast opp i vår digitale søkjarportal
- Aktuelle kandidatar vert inviterte til intervju
- Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtalar
- Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot
Bykle kommune er opptatt av mangfald, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkje. Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateken offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova § 25. Dersom kommunen ikkje kan imøtekome ønsket, vil du bli varsla før offentleggjering.
For meir informasjon om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med rekrutteringsrådgivar i Personalhuset Search & Selection, Knut Handeland, tlf. 98 29 52 78 / epost: knut.handeland@personalhuset.no.
Bykle kommune som arbeidsgivar
- Kommunen er organisert på tre nivå: kommunedirektør med stab, tre kommunalområdar og sju tenesteeiningar
- Kommunen har om lag 190 tilsette
- Det er kort avstand mellom leiar og tilsett
- Kommunen er ein IA-bedrift
Avstandar
- Bykle – Kristiansand: 18 mil
- Bykle – Arendal: 20 mil
- Bykle – Oslo: 29 mil
- Bykle – Stavanger: 33 mil
- Bykle – Bergen: 35 mil
Om arbeidsgiver
Bykle er ein liten kommune med store moglegheiter – og korte avstandar mellom folk. Kommunen har om lag 1000 innbyggjarar, men over 20 000 i høgsesong på Hovden.
Her får du:
- Nærleik til natur, fjell og friluftsliv året rundt
- Eit aktivt lokalsamfunn og gode oppvekstvilkår
- Varierte fritidstilbod: alpint, langrenn, golf og badeland
- Ein organisasjon med korte avgjerdsvegar og tett samarbeid
Kontaktperson(er)
