- Stillingstittel
- Prosjektansvarleg - teknisk eining
- Arbeidsgiver
- VALLE KOMMUNE
- Adresse
- Kjellebergsvegen 1
- Sted
- VALLE
- Søknadsfrist
- 24. juni 2025
Velkomen til Valle – her er det du som får ting til å skje! Vi søkjer prosjektansvarleg - teknisk eining!
I Valle kommune får du meir enn ein jobb – du får ei livsform. Her kan du leite fram gamle handverkstradisjonar, puste inn frisk fjelluft på veg til jobb, og vere ein del av eit levande lokalsamfunn som heiar på kvarandre. Og viktigast: Du kan spele ei nøkkelrolle i å forme framtida til ei heil bygd.
No søker vi ein prosjektansvarleg til teknisk eining i Valle kommune som vil vere med å utvikle og leie viktige tekniske og samfunnsretta prosjekt i Valle. Som prosjektansvarleg har du òg den spennande oppgåva med å koordinere kommunen sitt beredskapsarbeid. Du får påverknad frå dag éin, rom for eigne idear, og høve til å være ansvarleg for viktige utviklingsprosjekt som betyr noko for både i dag og for framtidige generasjonar.
Vi tilbyr:
- Ei sentral rolle i utviklinga av Valle
- Stor grad av tillit, ansvar og handlingsrom
- Eit sterkt og inkluderande fagmiljø
- Lønn etter avtale og gode offentlege vilkår
- Moglegheit for hjelp til bustad og etablering
- Rimelege tomter
- Gode tilskot til renovering og nybygg av hus
- Garantert barnehageplass for barnefamiliar
- Full dekning i kulturskulen
- Ein kvardag omgitt av natur, folk og ro
Dette vil du jobbe med:
- Leie kommunale prosjekt innan samfunn og tekniske tenester – frå konseptfase til ferdigstilling
- Vere kommunens beredskapskoordinator
- Koordinere prosjekt der eksterne prosjektleiarar står for gjennomføring
- Sørge for gode innkjøpsprosessar og samhandling
- Sakshandsaming til politiske utval
- Bygge vidare på kommunens prosjektrutinar og styringsstruktur
Vi ser etter deg som:
- Har relevant høgare utdanning (minimum bachelornivå)
- Har erfaring frå bygg- og anleggsprosjekt
- Er trygg i prosjektleiing og økonomistyring
- Kjenner til offentlege innkjøp og anskaffingsregelverk
- Brukar digitale verktøy med lettheit
- Ønskjer å busetje seg i eller nær kommunen – det er viktig med tanke på rolla som beredskapskoordinator
- Er strukturert, systematisk og trygg i rolla di
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Får ting gjort – og gjer det med kvalitet
Personleg eignaheit vil òg bli vektlagd i tilsetjinga. Valle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar difor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss. Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
For meir informasjon om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med rekrutteringsrådgjevar i Personalhuset Search & Selection, Knut Handeland, tlf. 982 95 278 / epost: knut.handeland@personalhuset.no. Alle førespurnader vil bli behandla konfidensielt, også overfor oppdragsgjevar dersom det er ønskjeleg. Du kan òg lese dette artikkelintervjuet om stillinga: https://www.personalhuset.no/stilling/valle-kommune
Om arbeidsgiver
Kontaktperson(er)
