Suldal kommune logo

Søk på stillingen

Stillingstittel
Kommunalsjef organisasjon og økonomi
Arbeidsgiver
Suldal kommune
Adresse
Eidsvegen 7
Sted
Sand
Søknadsfrist
24. april 2024

Tilbake til jobbsøk

Bli med å forme framtida til Suldal

Som Noregs største kraftkommune står me i ein unik posisjon til å driva fram vekst og utvikling. Dei komande åra vil bringe med seg ei spennande industrisatsing, som vil gi nytt liv til Suldal.

Vår komande kommunalsjef for organisasjon og økonomi vil ha ei sentral rolle i å forme måten me førebur oss til ny vekst på. Du vil få overordna ansvar for fagområda HR, Økonomi, Organisasjon og innbyggjarkontakt, prosjekt- og byggeleiing og IT. Me søkjer etter ein erfaren og strategisk leiar med sterkt engasjement for å utvikle organisasjonen og fremje innovasjonskultur.

Stillinga krev evne til å fremje samarbeid på tvers av fagområde og drive fram endringsprosessar. Du bør ha god forståing for samspel mellom politikk og administrasjon, samt god dialog med tilsette, tillitsvalde og innbyggjarar. Saman med kommunedirektøren og dei andre kommunalsjefane vil du bidra til heilskapleg og samordna leiing av kommunen sin tenesteutvikling. Innan økonomiområdet har me sterk operativ fagkompetanse på økonomi og rekneskap, som vil gje god støtte til kommunalsjef.


Ansvarsområder
  • Leie og styrke vår evne til å møte framtidige utfordringar gjennom strategisk utvikling av organisasjonen
  • Overordna ansvar for økonomistyring i kraftkommunen Suldal
  • Ansvar for lov og avtaleverk, forhandling og arbeidsgivarpolitikk
  • Gi strategisk leiarstøtte som bidrar til gode beslutningar
  • Bidra til å gjere Suldal til ein attraktiv arbeidsplass og utvikle strategiar for å sikre tilstrekkeleg kompetanse
  • Vere ein pådrivar for digital transformasjon
  • Sikre godt samarbeid med leiarar, tillitsvalde og vernetenesta for å fremje kommunen sine mål og verdiar

Me ser etter deg som har
  • Solid leiarerfaring frå eitt eller fleire av stillinga sine fagområde, ideelt sett frå offentleg sektor eller større privat verksemd
  • Relevant høgare utdanning, men lang erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • Strategisk økonomisk forståing og god evne til å leia ulike fagområder
  • Kjennskap til offentleg forvaltning og interesse for medverknad og partsamarbeid
  • Analytisk tilnærming og evne til å tenke heilskapleg og arbeide strategisk og innovativt
  • God evne til å arbeide strukturert og initiere samarbeid på tvers av fagområde for å sikre effektiv gjennomføring
  • Svært gode munnlege og skriftlege ferdigheiter

Er du den me ser etter - og er me den du ser etter?
Suldal er ein kommune rik på kulturhistorie og tradisjonar. Samstundes er det ein framtidsretta og nytenkjande kommune. Slik ser me føre oss at vår nye kommunalsjef for organisasjon og økonomi er; drivande og utviklingsorientert. Denne stillinga er for deg som ønskjer å utgjere ein forskjell og kan jobbe både strategisk og operativt. Her blir du ein del av spanande faglege fora og nettverk.

I åra som kjem skal me halde fram det gode arbeidet for at Suldal skal vere ein god stad å bu, besøkje og drive næring. Ikkje minst, skal Suldal vere ein god stad å vekse opp. Dette krev god organisasjonsutvikling og det arbeidet vil me ha rett kandidat med i.

Fram til søknadsfrist vil alle søkjarar bli handsama konfidensielt. Me gjer merksam på at etter at søknadsfristen er ute, vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli førd opp på søkjarlista. Dersom ynskje om reservasjon ikkje blir teke omsyn til, vil søkjaren bli varsla om dette før den offentlege søkjarlista blir laga og får høve til å trekkja søknaden.

For meir informasjon om stillinga, kontakt Bente Velde tlf. 976 60 982 eller Tom Monclair Larsen tlf. 982 95 141 i Personalhuset Search & Selection. Du kan også kontakte kommunedirektør, Karin Dokken Austvik tlf. 957 26 114 i Suldal kommune.

Me ser fram til å motta din søknad!


 

Om arbeidsgiver

Velkommen til Skattkammeret Suldal - Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft. Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår. Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg. Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad. Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen. Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt. Velkommen til Suldal kommune – eksotisk, aktiv og trygg!

Kontaktperson(er)

Karin Dokken Austvik

Karin Dokken Austvik

Kommunedirektør
karin.dokken.austvik@suldal.kommune.no
+47 95 72 61 14
Tom Monclair Larsen

Tom Monclair Larsen

Direktør Search & Selection
tml@personalhuset.no
+47 98 29 51 41