Valle Sparebank logo

Søk på stillingen

Stillingstittel
IT-ansvarleg
Arbeidsgiver
Valle Sparebank
Sted

Søknadsfrist
29. januar 2026

Bilde 1

Bilde 2

Tilbake til jobbsøk

Vil du vere med og prege framtida til ein sjølvstendig lokalbank? Valle Sparebank søkjer IT-ansvarleg!

Valle Sparebank er ein solid og framtidsretta lokalbank med røter djupt forankra i Setesdal. Banken har 19 tilsette og er stolt av å vere ein sjølvstendig sparebank med sterke tradisjonar, høg trivsel og svært gode medarbeidarundersøkingar. Ein av bankens mest sentrale fagpersonar går no av med pensjon – difor søkjer banken ein IT-ansvarleg som kan vidareføre arbeidet med å sikre den digitale drifta og utviklinga.

Kvifor jobbe i Valle?

I Valle Sparebank blir du del av eit lite, men svært kompetent miljø – og ein organisasjon med høg trivsel, stoltheit og sterke verdiar. Her får du ei sentral rolle i leiargruppa, med ansvar for alt frå strategisk IT-styring til praktisk oppfølging av infrastruktur – i tett samarbeid med Eika, som leverer bankens felles system, plattformer og malverk.

Du skal ikkje utvikle løysingar sjølv, men vere bankens faglege motor for trygg drift, sikkerheit og regulatorisk etterleving. Elles tilbyr vi:

  • Ein framtidsretta og solid arbeidsplass
  • Ein variert kvardag med stor påverknadskraft
  • Fleksitid og inkluderande arbeidsmiljø
  • Svært god pensjonsordning
  • Helseforsikring, gruppeliv og utvida reiseforsikring
  • Attraktive lånebetingelsar

Dette er ei stilling der du får stor påverknad, korte avgjerdsvegar og tett samarbeid med kollegaer – og samstundes ein kvardag med nærleik til natur, kultur og eit levande lokalsamfunn. Valle gir ei livskvalitet mange berre draumar om. Samstundes får du jobbe i ein bank som kombinerer bygdevarme med topp moderne fagmiljø gjennom Eika-samarbeidet.

Dine ansvarsområde

Som IT-ansvarleg blir du bankens sentrale fagperson innan teknologi og sikkerheit. Du får ansvar for å:

  • Sikre god styring og kontroll på IKT-området
  • Følgje opp, stille krav til og kontrollere Eika som leverandør og tenestepartnar
  • Sikre lokal infrastruktur i tråd med Eika-standardar
  • Førebyggje risiko og sikre etterleving av regelverk som GDPR og DORA
  • Bidra med opplæring, internkontroll og gode digitale vanar på tvers av organisasjonen
  • Ha ansvar for informasjonssikkerheit, beredskap og sikkerheitspolicyar
  • Bistå med praktiske IT-oppgåver knytt til maskinvare, tilgangsstyring og lokal infrastruktur
  • Sikre implementering av Eikas produkt og løysingar

Du blir ein viktig rådgivar i leiargruppa og får ei tydeleg stemme i bankens vidare digitale utvikling.

Kven ser vi etter?

Du er strukturert, analytisk og trygg i rolla som fagspesialist. Du likar å kombinere strategisk arbeid med tett samarbeid og praktisk problemløysing. Du trivst i rolla som kultur- og kompetanseberar for gode digitale og sikre arbeidsvanar. Vi ser gjerne at du har:

  • Erfaring frå IT- og/eller sikkerheitsansvar
  • Høgare utdanning innan informasjonsteknologi
  • God kunnskap om GDPR
  • Kjennskap til informasjonssikkerheit og risikostyring, gjerne frå bank eller anna regulert verksemd

Personlege eigenskapar som analytisk styrke, struktur, samarbeidsevne og gjennomføringsevne vil vere viktige for å lukkast i rolla. Vi ser fram til å høyre frå deg – enten du bur i Setesdal, vurderer å flytte tilbake, eller ønskjer eit nytt kapittel i livet med meir natur, ro og nærleik, utan å gi slepp på ei spennande fagrolle.

 

Ønskjer du meir informasjon om stillinga, er du sjølvsagt velkommen til å ta kontakt med rekrutteringsrådgivar i Personalhuset Search & Selection, Knut Handeland, på tlf. 98 29 52 78 eller e-post: knut.handeland@personalhuset.no. Alle førespurnader blir handsama konfidensielt, også overfor oppdragsgivar dersom det er ønskjeleg.

 

Les meir om stillinga i dette artikkelintervjuet: https://www.personalhuset.no/stilling/valle-sparebank

 

 

 

Om arbeidsgiver

Valle Sparebank er ein solid og sjølvstendig lokalbank midt i Setesdal, med sterke røter i lokalsamfunnet og eit tydeleg samfunnsoppdrag. Banken har 19 medarbeidarar som kvar dag arbeider for å skape tryggleik, verdiskaping og gode kundeopplevingar for både privatpersonar og næringsliv. Gjennom Eika-alliansen får Valle Sparebank tilgang til moderne banktenester, robuste systemløysingar og eit sterkt fagmiljø – samstundes som banken held på nærleiken, fleksibiliteten og avgjerdskrafta som kjenneteiknar ein ekte lokalbank. Banken er kjend for høg trivsel, eit godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar som ønskjer å gjere ein skilnad for kundane og bygda. Valle Sparebank står støtt og er godt rusta for framtida. Les meir på www.valle-sparebank.no.

Kontaktperson(er)

Knut Handeland

Knut Handeland

Avdelingsleder og seniorrådgiver Search & Selection
knut.handeland@personalhuset.no
98295278