Intervju med banksjef Elisabeth Slettedal

    

Midt i vakre Setesdal ligg Valle kommune – rik på kultur, friluftsliv og sterke naturopplevingar. Her held Valle Sparebank til, og no treng me ein ny medarbeidar med IT-kompetanse.

– Me er nitten tilsette, dei fleste ved hovudkontoret i Valle sentrum, seier banksjef Elisabeth Slettedal. – I tillegg har me kontor i Kristiansand og Vennesla. Alle hos oss har høg kompetanse, brei erfaring og eit tydeleg fagleg engasjement.

  Valle Sparebank

  

Slettedal tok over som banksjef for drygt eitt år sidan og merka raskt den gode lagånda. – Me har eit arbeidsmiljø prega av trivsel og tillit. Medarbeidarundersøkingane viser at folk opplever faglege utfordringar utan unødvendig stress.



Trygg og framtidsretta digital drift

Ein av bankens nøkkelpersonar går av med pensjon, og me søkjer derfor ein ny IT-ansvarleg. – Me treng ein sjølvgåande person med god teknisk innsikt og forståing for trygg og stabil digital drift, seier Slettedal. – Du må kunne ta ansvar for vidareutvikling, sikkerheit og gode løysingar framover.

– Banken treng nokon som kan snu seg raskt når situasjonen krev det, og som kan støtte kollegaer når nye rutinar skal innførast, legg ho til. – Det inneber behov for gode formidlingsevner og trygg framferd – gjerne kombinert med erfaring frå bransjar med strenge reguleringar.

  

Valle sparebank  


Samspel i Eika-alliansen

– I ein mindre bank blir arbeidsoppgåvene varierte, men du står aldri åleine, seier Slettedal. – Som ein del av Eika-alliansen får IT-ansvarleg tilgang til eit sterkt fagmiljø og moderne systemstøtte. Eika tek hand om mykje av infrastrukturen bankane treng i dag.

Valle Sparebank søkjer difor ikkje ein programmerar, men ein brei IT-ressurs. – Me vil ha ein allrounder med kompetanse innan drift, sikkerheit og regelverk som GDPR og DORA, presiserer Slettedal. – Samarbeidet med Eika gir gode moglegheiter for læring og utvikling. Alliansen gir oss moderne tenester, samstundes som me beheld lokal handlekraft og nærleik til kundane, slik ein 160 år gamal sparebank bør. Banken står solid og rusta for framtida.

  

  

Livskvalitet i Valle

I tillegg til konkurransedyktige vilkår løftar Slettedal fram livskvaliteten i området. – Det er lett å skjøne kvifor både innbyggjarane og hyttefolket trivst her. Naturen er fantastisk, og moglegheitene for aktivitetar er gode heile året – fiske, jakt, turar og ski.

– Valle er i vekst, og fleire flyttar både hit og heim att, legg ho til. – Dei offentlege tilboda er utmerkte, og snart står eit nytt kultur- og fleirbrukshus klart. Bygda har òg eit flott idrettsanlegg, alpinsenter og aktivitetspark i Brokke.

  

Ein stad å leve, lære og utvikle seg

– Valle er rik på kultur og står, saman med nabokommunane, på Unesco si liste over immateriell kulturarv, seier Slettedal. – Det har løfta heile kulturlivet. Valle kommune har, i tillegg full dekning i kulturskuletilbodet, eit aktivt folkeakademi og eit levande spelemannsmiljø.

Valle kommune


– For deg som ønskjer fagleg utvikling, ansvar og eit inkluderande arbeidsmiljø – enten du bur i Valle frå før eller vurderer å flytte hit – er dette ein særleg attraktiv sjanse. seier banksjefen.  – Mange ønskjer å kombinere eit godt liv i Setesdal med interessante og framtidsretta arbeidsoppgåver, og nett det tilbyr Valle Sparebank. Her får ein høve til å bidra til vidare utvikling av ein sterk lokal institusjon, samstundes som ein lever tett på naturen, fellesskapet og kvalitetane som gjer bygda unik. Stillinga er ein del av leiargruppa og inneber ei sentral rolle i bankens vidare utvikling.

  

  

Om Valle Sparebank

Valle Sparebank er ein solid og sjølvstendig lokalbank midt i Setesdal, med sterke røter i lokalsamfunnet og eit tydeleg samfunnsoppdrag. Banken har 19 medarbeidarar som kvar dag arbeider for å skape tryggleik, verdiskaping og gode kundeopplevingar for både privatpersonar og næringsliv. Gjennom Eika-alliansen får Valle Sparebank tilgang til moderne banktenester, robuste systemløysingar og eit sterkt fagmiljø – samstundes som banken held på nærleiken, fleksibiliteten og avgjerdskrafta som kjenneteiknar ein ekte lokalbank. Banken er kjend for høg trivsel, eit godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar som ønskjer å gjere ein skilnad for kundane og bygda. Valle Sparebank står støtt og er godt rusta for framtida. Les meir på www.valle-sparebank.no. Les mer på https://www.valle-sparebank.no 

  

  

Søk stillingen

    

Sted:

Valle kommune

  

Søknadsfrist:

29.01.2026

  

Arbeidsgiver:

Valle Sparebank