Intervju med Magnus Berg, leiar teknisk avdeling og personalsjef Ann Christin Rikenberg Jacob

  

Valle kommune byr på vakker natur, rik kultur og gode offentlege tenester. Ambisiøse prosjekt er i gang eller under planlegging, og treng ei stø hand med evne til samordning.

Kommunen ligg i Setesdal, og byr på alle attraksjonane ein assosierer med det vakre dalstroket. No er leiaren for teknisk eining, Magnus Berg, på jakt etter ein stødig prosjektansvarleg. Han lokkar med interessante gjeremål, varierte arbeidsdagar og god kommuneøkonomi.

  Valle kommune

  

– Me er i gong med ei rekke tiltak, og nett no held me på å byggje eit flott nytt kultursenter i Valle sentrum, seier Berg. – Det tre etasjar store komplekset skal ha plass til store og små tilstellingar, det vert ungdomsklubb der, og tilhald for kulturskulen vår. I det heile teke er bygget eit stort løft for folk og kultur i bygda.



Kultur, friluft og gardsbruk

– Det er ikkje for ingenting at Valle satsar på dette senteret, legg personalsjef Ann Christin Rikenberg Jacob til. – Bygda er rik på kulturminne, og delar av folkemusikktradisjonane står på Unesco si liste over immateriell kulturarv, noko som i fullt monn speglar det aktive miljøet her, med full kulturskuledekking, eit svært aktivt idrottsmiljø, eit driftig Folkeakademi og ikkje minst eit særs levande spelemannslag.

– Ikkje berre det, skyt Berg inn. – Me har rett som det er folkemusikk-pub på Rysstad! Elles kan me skryte av alpinsenter og aktivitetspark i Brokke. For ikkje å gløyme eit stort veteranbilmiljø og ei vaksande interesse for gardsbruk og produksjon av kortreist mat, det vere seg kjøt, grønsaker og meierivarer.

  

Valle kommune oversiktbilde  


Gode tilbod og høg aktivitet 

Dei storslegne omgjevnadene i Valle opnar for ei rekkje friluftsaktivitetar året rundt, som fiske, jakt og turar. – Den gode økonomien som fylgje av kraftutbygginga har skaffa oss armslag for høg standard på tenestene våre, seier Jacob. – Det gjeld mellom anna omsorg, skule, barnehage og helsetilbod i samarbeid med nabokommunane.

Av andre tiltak som den nye prosjektansvarlege kjem til å møte, nemnar Berg rehabilitering av bru, nytt kommunalt bustadhus, omfattande fornying av vatn og avløp, samt utbetring av vegnettet. – Til ein kvar tid har me tjue til tretti prosjekt i gang, rekna med stort og smått, og me tenkjer at stillinga høver godt for ein person med initiativ og evne til strategisk tenking.

  

  

Samansett kompetanse

– Dette er ein posisjon for dei som har bakgrunn frå bygg og ingeniørverksemd, legg Jacob til. – Han krev at du er til stades, og raskt set deg inn i ulike problemstillingar. Så må du òg kunne ta leiing og vere trygg på dei økonomiske sidene i eit prosjekt. Utover det ser me etter gode kombinasjonar av eigenskapar, og ikkje ei snever oppfylling av krav i utlysinga.

Valle har eit høgt tal på sysselsette i jordbruk, og er kjend som ei stor hytte- og fritidskommune. – Samstundes har bygda dyktige entreprenørar og handverkarar, og dei utgjer eit sterkt fagleg miljø som me i  kommunen kan dra nytte av, seier Berg. – Me har og eigne flinke fagfolk, og ein verksemdskultur tufta på deling og samspel.

  

Den viktige beredskapen

Berg peiker på beredskap som ein viktig komponent i den utlyste stillinga. – Planlegging og tiltak knytt til beredskap krev tett kontakt med ulike miljø og aktørar. – Det er eit meiningsfylt og viktig arbeidsfelt, ikkje minst med tanke på at kommunen har mykje kritisk infrastruktur. I dette arbeidet får du nyttige impulsar frå kompetente folk i og utanfor kommunen.

Valle kommune


Både Berg og personalsjefen er nøgd med utviklinga i kommunen. – Me er stolte av det bygda har fått til, og me har eit høgt ambisjonsnivå for tida framover, seier Jacob. – Det kan vi trygt ha, ikkje minst fordi folketalet aukar. Fleire vender heim til bygda, og andre har fått auge på alle kvalitetane Valle byr på.

Stillinga får kontor i kommunehuset i Valle sentrum, og så vel Berg som Jacob lovar eit miljø prega av trivsel og velvilje. – Me har god stabilitet blant dei om lag 180 tilsette, og som prosjektansvarleg får du høve til ei viss tilpassing av arbeidstida, seier personalsjefen. – Dette er ein jobb for deg som liker natur, fagleg givande arbeid og inkluderande kollegar!

  

  

Om Valle kommune

Valle kommune kan du leve eit liv i pakt med naturen, dyrke gamle tradisjonar og samtidig vere med på å forme framtida. Det er ein stad der kvardagen er rik på opplevingar, anten du er ute etter ro og stillheit, eller du ønskjer å ta del i eit aktivt og inkluderande lokalsamfunn. Valle ynskjer deg velkomen til å oppdage, utforske og bli ein del av dette unike hjartet i Setesdal. Les mer på www.valle.kommune.no 

  

  

Søk stillingen

    

Sted:

Valle kommune

  

Søknadsfrist:

24. juni

  

Arbeidsgiver:

avd. teknisk eining