Intervju med Lars Erik Domaas og Kjetil Vik

    

Hovden er eit av dei to knutepunkta i Bykle kommune. Her ligg Fjellgardane skule, med i overkant av 40 elevar og ein ivrig stab med høg fagleg standard.

Saman med naboen Valle er Bykle på mange vis essensen av Setesdal, nyleg varmt omtalt i eigen tv-serie på NRK i beste sendetid. No er kommunalsjefen for oppvekst og kultur, Kjetil Vik, på jakt etter ny rektor. Han lover høvelege vilkår til å halde fram og vidareutvikle det gode læringsmiljøet som kjenneteiknar skulen.

  

Fra venstre Lars Erik Domaas og Kjetil Vik. Foto: Caroline Rysstad
Fra venstre Lars Erik Domaas og Kjetil Vik. Foto: Caroline Rysstad

  

– Ny rektor vil raskt sjå at fleire år med satsing på skule og oppvekst har gjeve resultat, seier Vik. – Velfungerande kommunal drift er avhengig av kvalifisert personell. Difor har me hatt høg prioritet på å skaffe fagleg kompetanse i alle sektorane i kommunen. Det gjeld sjølvsagt også for dei to skulane våre.



Smidig lagspel

– I tillegg har me teke inn over oss at høg grad av samkøyring og samråding kompenserer for utfordingane i små fagmiljø, og vel så det, seier han. – Leiarar for barnehage, kultur, fritid og skulane har jamlege møte, der dei deler på idear og erfaring. Slik får dei oppleve å vere eit samansveisa lag, med alt det inneber av gjensidig støtte.

Denne framstillinga kan Lars Erik Domaas stadfeste. Han er rektor på Bykle barne- og ungdomsskule, og gjev mykje av æra for gode resultat på nettopp den faglege samrådinga, internt og med eksterne miljø. – Me kjem bra ut med omsyn til trivsel og kvalitet i oppvekstsamanheng, seier han.

  

Fjellgardane skule  


Gode rammer

– Å stå saman om innsatsen for skule og oppvekst er motiverande og gjev tryggleik, held Domaas fram. – Samstundes legg me vekt på at det pedagogiske arbeidet er gjennomtenkt og pragmatisk orientert. Her er det rom for ambisiøse mål og metodar, og jamt over har me rammevilkåra som trengs til gjennomføring.

Som døme på ei praktisk retta tilnærming viser Domaas til satsinga på så vel digitale verktøy som fysiske læremiddel, skulebøker og tett samarbeid med folkebiblioteket. – Det har gjeve oss  handlingsrom for å gjere undervisninga fleksibel og variert, noko som sjølvsagt er viktig for fådelte skular.

Saman med høg lærartettleik og dedikerte tilsette har me lukkast i å skape trygge og gode læringsarenaer, seier Domaas. – Dette trur me vil vekke interesse hjå rektorkandidatar som ser verdien i gode og føreseielege rammer for pedagogikken, og som ynskjer å drive denne utviklinga vidare.

  

  

Triveleg miljø

– Arbeidsmiljøet ved skulen og elles i kommunen ber preg av trivsel og hjelpsemd, legg Kjetil Vik til. – Dessutan byr omgjevnadene på alt det som skapar den særskilte atmosfæren på Hovden, ein fin miks av bygd og by. Tilboda er mange heile året rundt, og for friluftsentusiastar er området eit eldorado.

Vik viser òg til interessante arbeidsplassar for eventuelle sambuarar og ektefellar, i offentleg sektor og knytt til turisme, destinasjonsutvikling og entreprenørverksemd. – Dessutan byr kommunen på gode oppvekstkår, bukvalitetar og offentlege tilbod, seier han, og legg til: – Det er lett å trivast i Bykle!

  

Om Bykle kommune

Bykle er ein liten kommune med store moglegheiter – og korte avstandar mellom folk. Kommunen har om lag 1000 innbyggjarar, men over 20 000 i høgsesong på Hovden.

Her får du:

  • Nærleik til natur, fjell og friluftsliv året rundt
  • Eit aktivt lokalsamfunn og gode oppvekstvilkår
  • Varierte fritidstilbod: alpint, langrenn, golf og badeland
  • Ein organisasjon med korte avgjerdsvegar og tett samarbeid

  

  

Søk stillingen

    

Sted:

Fjellgardane skule - Hovden

  

Søknadsfrist:

13.04.2026

  

Arbeidsgiver:

Bykle kommune